I haust har ungdomsskulen hatt ein "matpakkekonkurranse" gåandes. I forbindelse med prosjektet "Fysisk aktivitet og kosthold" har klassane tatt utfordringa med å ha med matpakke kvar dag. Soleis har alle vært vinnarar!!
Ut frå prosentregning vant 8. kl. med knappast mulig margin på 9. kl. og stakk av med 1. premie på 4000.- kr. Grendalaget spanderte T-skjorte, med Eikefjorddagane 2004 motiv, på alle.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom bygda & skulen, der fylkeskommunen er med på finansieringa med ei kostnadsramme på 40.000.- kr.
På bildet ser vi Elevrådsleiar i 8. kl. Ole Petter S. Langeland motta sjekken frå Grendalagsleiar Per-Øyvind Sørbø