Image
Foto: Marianne Knapstad

Torsdag 09.12.04 kl.18.30 hadde 1.- 4. klasse framsyning av julespelet sitt på skulen. Framfor ein fullsett gymsal spelte ei gruppe frå 3. og 4. klasse juleevangeliet, medan resten av elevane var kor som song kjende og kjære julesongar. Verkeleg fint var det!

På vegne av foreldra takka Arna Hopen elevar og lærarar for framsyninga. Deretter marsjerte eit fint knippe foreldre, kledde i Luciadrakter inn med: lussekattar, pizzasnurrar, peparkaker, saft og gløgg …. meir enn nok til alle. Og vi åt og drakk og kosa oss. Og gleda oss til neste gong det kan verte eit høve til å samlast på liknande vis.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2