Koriander trekte fult hus lørdag ettermiddag når dei innviterte til korsang krydra med revyinnslag. Latteren sat laust i salen av sketsjar der fiskeglade tyskarar, Lidl og andre lokale heltar fekk passet paskreve på ein morsom måte. Og sjølvsagt inponerte korsongen også.

 

Her er ein av tekstane som blei framført.

SUNNFJORD 2020 versjon ?? 15.11.04

Er du lei av nordavind i Florø,
blesten som deg nesten kvele kan.
Høyr på kva vi seier her i koret:
Pakk ned kjerring, ungar, hund og mann:

ref.
Ja kom til Eikefjord,
det gode liv på jord.
Her har vi alt som du deg ønske kan.
Vi har ei badestrand, og verdens største havn;
der kan vi handle bil og blandevann.

Aust i storkommunen Førde ligge.
Bygda er ein kald og guffen plass.
Sky-walken, den går det an å digge
ellers går det meste rett i dass

ref.
Nei kom til Eikefjord
det gode liv på jord.
Her har vi alt som du deg ønske kan.
Vi har eit grendalag som jobbar natt og dag
og samlar stein i bøtter og i spann.

I Eikefjorden har vi plass til alle
Vi vil fusjonere aust og vest
Sentrum likar vi oss best å kalle
Eit sprekkfritt rådhus bygger vi til best

ref.
Så look to Eikefjord
vårt gode liv på jord
Her har vi alt som du deg ønske kan.
Vi syng i blandakor, og drive lite hor
men store ord, det kan vi alle mann

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2