Image5. og 6. klasse inviterte sine foreldre, lærarar og hedersgjestane Leidulf og Sigga i Hamna, til ein skikkeleg fiskemiddag på skulen onsdag kveld. Dette var avslutninga på eit kjempe velukka prosjekt og samarbeid for FAU, elever, skulen og lokalmiljøet.

 

Klassane var delt opp i pynte-, kjøkken – og ryddegrupper og med litt hjelp frå foreldre, fekk dei opp eit langbord dekka til 90 personer i gymsalen, tallerkenrett til alle beståande av innbakt fritert fisk, stekte poteter oppdelt i båter, krydra med olje, salt, pepper og kvitløkspuver, raspa gulrøtter med ei skjei rømmedressing ! Dette fiksa ungene på tallerkna sjølve.

ImageI tur og orden gjekk dei så med kvar sin tallerken opp i gymsalen til alle hadde fått ein smak. Og dette var skikkelig godt! Alle elevene spiste sin tallerken og etterpå var det kaker og kaffe.

Vi fekk òg høyre at det gror godt på korsida i Eikefjord ! For når elevane gjekk på scena og sang i lag, med solist Sondr Solheim, og vi i tillegg fekk godt gitar- og keyboardspel ved sida av, sank vi fleire saman av fryd på stolen!

(Kan noken vere så snille å ta tak i barnekor i Eikefjord???)

Tusen takk til alle som har hjulpe til med å få dette prosjektet vel i hamn, Leidulf og Sigga, og ein stor takk også til Arna Hopen, leiar i FAU, som samlet alle tråder og atter ein gong viste at ho er eit drivjern til å organisere!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2