Tirsdag hadde Eikefjord Grendalag invitert til folkemøte på Allhuset vårt. Leiar Brigt Samdal ynskte velkomen og sa seg lei for at møtet vart annonsert på kort varsel, og at ein ikkje hadde fått annonsert godt nok. Likevel hadde over tjue personar trossa snøværet og funne vegen til Allhuset. Sjølv om ikkje salen var full, snakka Brigt i mikrofon. Det var for å teste ut det nye lydanlegget som bygda har kjøpt inn, og som er av høg kvalitet. Med hjelp av data og lerret fekk vi presentert informasjon på ein flott måte, mellom anna hadde Atle Grøneng i Atema laga nokre artige bilete i høve arbeidet med Kyrkjebukta.

 

Vi fekk mellom anna høyre:

Kyrkjebukta: eit historisk tilbakeblikk og litt om prosessen med Statens Vegvesen, Mesta, Flora kommune og ikkje minst velvillige grunneigarar. Det er no sett i gang arbeid for å lage "Miljø- og aktivitetsstranda i Eikefjord" og strandpromenade/turveg på nedsida av fylkesvegen. Det jobbast med å samle inn pengar til prosjektet, mellom anna er det laga prospekt og andelsbrev og det er starta kronerulling. Prospektet vil seinare bli lagt ut på eikefjord.net. Andelsbrev og prospekt er laga av Atle Grøneng og arbeid og trykking er gitt som gåve frå han til Eikefjord. Dersom nokon ynskjer å gje ei gåve til prosjektet er kontonummeret : 3705 08 05728

 Gang- og sykkelveg: mellom sentrum og barnehagen er det planlagt eit 3 meter breitt fortau. Dersom det vert gjeve økonomisk løyving frå kommunen 15.12.04 er det von om oppstart tidleg i 2005.

Breiband: vi var nær ved å få ei løysing men det har vi ikkje fått enno, då kommunen ville finne ei løysing for heile kommunen. Det går ut anbod før jul med 60 dagars frist, men det er usikkert når vi får breiband på plass. Kanskje til Eikefjorddagane 2005????

Historieprosjekt: Garry Bolseth som er student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, men som bur i Sørgardfeltet, jobbar med eit 3-årig prosjekt for å samle inn kunnskap, historier og opplevingar frå dei eldste i bygda. Prosjektet er i startfasen.

Eikefjorddagane 2005: Sjølvsagt vert det Eikefjorddagar i 2005!!! 19. - 21. august

Kalender: Det er laga ny Eikefjord-kalender som no skal trykkast, og som vert lagt ut for sal før jul.

Lydanlegg: I tillegg til lydanlegget fekk vi sjå eit stålskap som er laga for å låse inn lydanlegget i, både når det står på Allhuset og når det vert brukt rundt om i bygda.

Til slutt var ordet fritt for diskusjon. Det var nok ingen som angra på at dei trossa snøværet denne tysdagen, for det var eit positivt og informativt møte der ein verkeleg kjente at det er kjekt å bu i Eikefjord.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2