KORSPRELL I EIKEFJORD
Image- ein smak av Koriander -

Fyrstkomande laurdag er koret Koriander klar med si fyrste heilkvelds framsyning nokonsinne! Kl 19.00 på Allhuset Vårt.
Det blir ei framsyning med stor spennvidde frå vakker og intens korsong i ”What a wonderful world” til den meir jazza ”Spinning weel”, og til smektande ”Kjersti lill”.
Innimellom kornumra vert det ”sprell” med rykande ferske og aktuelle revyvinnslag, der vi kommenterer stort og smått i kommunen.

 

Mellom anna er vi inne om det oppheta forholdet mellom tyske turistar og Flora på den eine sida, og etablering av fleire tyske etablissement i Florø på den andre sida. Det må berre bli ompa ompa!
Sauehaldet har sin sjølvsagde plass, med dyrehelse i sentrum!
Den som har lese avisene i det siste har vel og fått med seg at grendalaget er aldeles ”steingalne”, og vi spør : Får dei aldri nok.
Eit ”Korsprell” må ha tonefylgje, vi hentar sjølvsagt også det frå Eikefjord. Geir Aage Hovland spelar piano både til ein del av korsongane og til revyinnslaga.
Brigt Olav Samdal styrer taktstokken med stø ogt insirerande hand, og kven veit, kanskje blir det og ein tenor-arie å høyre frå ”gullstrupen” vår??

Sit ikkje heime laurdag- gå ut og la deg krydre av Koriander

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2