ImageImageI dag gjekk flagget til topps på Allhuset. Nokre dagar etter planen, men godt innanfor deadline til Vegvesenet er no alle papir signerte slik at det er klart for bygging av strandpromenade langs Kyrkjebukta og opprustning av badeplassen.

 

Frå Flora Kommune stilte Ordførar Bente Frøyen Steindal og rådmann Fredrik W. Guldbrandson, frå Statens Vegvesenet stilte Arne Strand, frå Mesta stilte Sigurd Storøy og Steinar Eide og frå Grendalaget Irene Abrahamsen, Lars Terje Standal og Brigt Samdal til denne historiske dagen for Eikefjord.
Grendalaget med Brigt og Lars Terje i spissen har gjordt ein kjempejobb som har klart det mesterstykket å trykke planer gjennom kommune og fylkeskommune på rekordtid. Dei deler helt sikkert æra med velvillege byråkratar og andre, men utan trykket frå desse karane hadde nok ikkje steinane havna i Kyrkjebukta og då hadde det nok ikkje vorte noko oppussing i vår tid.
Eikefjord.net kjem tilbake med fleire detaljer om Kyrkjebukta seinare.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2