Første og andre klasse på skulen var tirsdag på besøk i Hamna hos Sigrun og Leidult Havn. Der fekk dei vere med på å dra garn, sløye fisk, koke og steike den, og etterpå smake på dagens fangst.

39 entusiastiske elevar med kvar sin redningsvest følgte interesserte med når leidulf drog fisken på land. - Sjå, han e' levande! Oij! Der kjem det fleire! Ungane fekk lære korleis dei ulike fiskane såg ut, korleis dei var å ta på og korleis dei såg ut inni - og ikkje minst korleis dei smaka. Etterpå vart det servert bollar og varm kakao rundt peisen som Sigrunn hadde fyrt opp. Trine Tønnesen vil rette ei stor takk til Sigrun og Leidult som stilte opp for barna.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2