ImageDenne helga blei søndagsturen lagt til eit område som vi eikefjordingar ikkje besøker så ofte. Turen blei lagt i terrenget utanfor Stegane og opp i fjellsida. Dette er ein tur der ein kan krype inn i mange huler under kjempesteinar. Dette må være eit utsøkt turterreng for familier med barn som har lyst til å utforske naturen.

Følgte først traktorvegen som går på oppsida av vegen ned til tønnerkaia. Der den svingar utover fortset ein innover til elva. Ved ein foss og ein kjempestor stein følger ein stien som går oppover og litt utover. Når ein kjem eit lite stykke opp fortset ein rett oppover mot nokre kjempesteinar som er lett synlege. Her er det eit eldorado for ungar. Mange holer med mange utgangar.
Som vanleg når ein er i ukjent terreng må ein vere forsiktig for her er det ikkje sikra med rette type sand om ein dett ned og kvasse kantar er ikkje polstra.
Klikk på bildet og turen vises med rødt på bildet. Det er også muleg å følge elva opp frå ferista

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2