Melding frå styret i Eikefjord ungdomslag. Informasjon om LANet som gjekk av stabelen i helga og om drifta av ungdomsklubben resten av hausten

E.U.L har i helga arrangert haustens LAN på Allhuset. Vi har ikkje fått tid til å evaluere arrangementet, men etter dei tilbakemeldingane vi så langt har fått frå deltakarar og andre er vi rimeleg tilfreds med det vi fekk til. Vi har heller ikkje fått full oversikt over utgiftene, men er sikre på at det vart nokre tusenlappar i overskot.
Onsdag 20 oktober vert det ikkje ungdomsklubb, men kino på Allhuset. Vi beklager at det heller ikkje vert ungdomsklubb fredag 22. oktober eller sundag 24. oktober. Årsaka til det er at på grunn av nemnde LAN har gamlingane i styret fått litt kapasitetsproblem.
Onsdag 27. oktober blir det heller ikkje vanlig klubbkveld, men planleggingskveld for drifta av ungdomsklubben i vintervekene som ligg framfor oss. Denne kvelden har alle ungdomar høve til å møte opp og forsøke å påvirke det som skal skje vidare. Om nokon av foreldra får lov til å vere med, og har tid og lyst, så er det fint.
Og så heilt til slutt. Fredag 29. oktober blir det kino på Allhuset som ein del av feiringa av tiårsjubileet til Allhuset. Sjølvsagt er ungdomsklubben stengd den kvelden.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2