ImageTorsdag vart det endeleg Storebru sin tur til å få fast dekke. Vegvesenet har laga ny bru og kryss mot Hyen. Det er laga god plass i krysset og ved sida av krysset er det laga holdeplass for bussen.
Den gamle brua skal no brukast til trafikk mot Endestad, så no slepp dei gåande å gå inn på riksvegen. Når det blir grønt i trafikkøyene og fyllingane vil det bli riktig fint. Under nyebrua er det laga til med stein slik at dei som fiskar kan komme seg forbi utan at dei må opp for å krysse vegen. Så dommen er klar, Storebru har gått frå å være vanskelege og trafikkfarlege kryss til å bli ei strømlinjeforma trafikkmaskin

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2