I Firdaposten på torsdag hadde Knut-Ståle Sørbø eit innlegg om kyrkjebukta i Eikefjord som sette fingeren på ein del interessante detaljer.
Først av alt vil han gi honnør til Grendalaget, politikere og administrasjon, arkitekt for eit flott forslag til reguleringsplan. Han takkar også velvillege grunneigarar som er iferd med å bidra til ei flott gave til heile bygda.
Det første han nevnte var den gamle plassen der hestestallen var. Han synest denne historiske plassen ikkje burde bli grøntareal, men rustast opp med stabbesteinar og kalle den "Hestestallen snuplass".
Vidare vil han rive autovernet og heller sette opp ein tettveksande hekk for å hindre småungar å springe inn i vegen.
Han syntes også at den nye bryggja på kyrkjebukta er eit framandelement som helst burde flyttast dersom kommunen løyser inn området. Det aller beste ville å flytte den bort til Eikefjord Elektro, i eit område som tidlegare hadde slike brygger. Dette ville resultere i eit reint sjøspeil foran kirka.
Ein annan ide som han kjem med er ei trapp frå fylkesvegen og opp mot kirka. 10-12 meter nede og 2-3 meter oppe etter inspirasjon frå dei to fossane på den andre sida av fjorden.

Les heile innlegget i Firdaposten Tordag 21. oktober

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2