Møtereferat for FAU møte ved Eikefjord skule 5/10-2004 finn du her.

 

M ø t e b o k

 

For

 

F A U

 

Tirsdag 05.10.04 kl 19.30 vart møte halde på klasserommet til 5. klasse på Eikefjord skule.

Til stades: Arna Hopen, Jan Telstø, Per Endestad, Nina H. Liseth, Anita Løkkebø, Marlyn Tonheim, Sølvi Langedal Ness, Trine Tønnesen, Bodil H. Øren, Idar Øren, Anders Tyvold, Ingunn Bergheim Aa, Wenche Sandvik

Frå skuleadministrasjonen møtte Torleik Stegande og Aslaug Kvamsås Aa.

Forfall: Anne Margrethe Øren, Vigdis Foss, Ann Cathrine Øren, Trond Heimseth, Ole Johnny Lid, Anne- Marie Svardal

Møteleiar: Arna Hopen.

Arna Hopen ønskte velkomen. Som nyvalt leiar tok ho ei runde på korleis ho ynskjer at FAU skal fungere bl.a. angåande innkalling, innmelding av saker, melding av forfall, positive holdningar til arbeidet og forventningar til klassekontaktane.

Det var ingen merknad til innkallinga eller sakslista.

Møteboka for møtet 26.08.04 vart godkjent slik den ligg føre.

 

Saker til handsaming

Sak 15/04Prosjekt: Fysisk aktivitet og måltid i skulen.

Prosjektgruppa har arbeidd godt med den lokale planen for utprøving og utvikling av prosjektet, trass i korte fristar.

Torleik Stegane viste på overhead (lysark) hovudpunkta i den lokale planen. Prosjektplanen inneheld bl.a. hovudmål, delmål og milepelar for framdrifta. Den inneheld også aktuelle tiltak Planen vil verte evaluert i desember 04 og mai 05. Kopi av planen vert kopiert opp til foreldrerepresentantane i FAU.

Aslaug Kvamsås Aa orienterte kort om korleis timeplanen er lagt for dei ulike alderstrinn for å innarbeide fysisk aktivitet og skulemåltid.

Trine Tønnesen orienterte om kva foreldra kan gjere. Prosjektgruppa har laga ei førebels oversikt over enkle grep som foreldra kan gjere for å støtte prosjektet. Kopi av oppsettet vart delt ut til foreldrerepresentantane i FAU. Oppsettet eignar seg også godt som orienteringsskriv som kan sendast med elevane heim.

Sak 16/04 Grunnskuleveke/ Tema-veke/dagar.

Den offisielle Grunnskuleveka er fastlagt til veke 45 og har i år tema innan digital kommunikasjon skule – heim. Grunnskuleveka er i prinsippet foreldra si veke.

Eikefjord skule har dei siste år droppa grunnskuleveka, og i staden satsa på såkalla ”Kreativ veke”. Då har skulen også stått fritt i val av temaer og opplegg.

Dei ulike skuletrinna har valt ulike dagar/veker som si kreative veke og ulike temaer. Småskuletrinnet har i år valt veke 48-50, mellomtrinnet veke 45 og ungdomstrinnet veke 46.

Det er naturleg å bruke temaer innan Prosjektet Fysisk aktivitet og måltid i ei eventuell ”grunnskuleveke.” Det kom mange kreative og gode forslag til temaer og opplegg.

Trass i knapp tid, prøver FAU likevel å få til eit lite opplegg for å imøtekomme temaer som elevane er opptatt av. Dette gjeld tema innan helse og kosthold. Tema for Grunnskuleveka/kreativ veke neste haust bør takast opp på FAU møte til våren.

 

Vedtak

FAU prøver å få til følgande opplegg:

 

  • Foredrag/diskusjon angåande spisevegring. Prøver å få fatt i ekstern fagperson som ikkje har nær kontakt med skuleelevane.

Opplegget er tenkt for aldersgruppa 7-10 klassetrinn.

  • Fisk – frå sjø til fat. Opplegg der elevane får vere med ut på sjøen og fiske og deretter vere med å tilberede den til delikate rettar. Opplegget er tenkt for aldersgruppa 1-6 klassetrinn.
  • Det vert nytt FAU møte om ca. 14 dager. Då håpar FAU å ha fått på plass avtale med foredragsholdar og fiskebåtskippar. Tiltaka har også ei kostnadsside som må avklarast.

Eventuelt.

Det var ingen som hadde saker under evntuelt.

 

Møtet slutt kl 21.45

 

Anders Tyvold

sekretær

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2