Reglane for skuleklassar og andre som vil besøke helleristningsfeltet i Ausevika skal bli strengare, opplyser kultursjef Edvin Helgheim.
I løpet av våren vart det gjort ein del hærverk på helleristningsfeltet. Mellom anna har nokon rissa innn figurar og bokstavar ganske tett inn på nokre av figurane i feltet. Dette er svært oydeleggjande også med tanke på at feltet skal tilretteleggjast for mange nye besøkjande gjennom eit bergkunstsenter, derfor vil Helgheim ha klarare reglar for deik som skal besøkje helleristningsfeltet.
Grupper eller skuleklassar som vil besøkje helleristningsfeltet blir bedne om å ta kontakt med synnøve Herstad for å få henne med som omvisar.
Om ein nyttar annan omvisar, vil kulturkontoret ha melding om dette. Enkeltpersonar blir bedne om å vise omsyn når dei går omkring mellom dei svært sårbare fornminna i området.
Men det er sjølvsagt kjekt at mange er interessert i å sjå helleristningane i Ausevik, og når Vestnorsk bergkunssenter står ferdig med utstillingar, gangvegar og plattformer på sjølve feltet vil tilhøva bli svært gode for alle besøkjande. Då vil og feltet bli mykje meir sikra, og det vil ikkje vere tvil om kvar folk skal bevege seg, seier Helgheim til Firdposten.
Men imens ber han folk vise omsyn og ta kontakt dersom grupper eller skuleklassar skal besøkje feltet.

Kilde Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2