ImageDet må være sett ny norgesrekord i sakshandsaming for å få alle detaljar og formalitetar på plass i Kyrkjebukta. Alle som har vore part i prosjektet har gjordt ein kjempejobb og no står det at berre nokre økonomiske avklaringar før kontraktsunderskriving.
Eikefjord kan være stolt over det som er gjordt i annleggsperioden på RV5

Først fekk vi gjennomgangstrafikken ut av sentrum, sjølvsagt vart det til ulempe for bensinstasjonen. I butikkane derimot går handelen livleg endå.

Deretter blei sentrum opprusta med fortau og murar slik at mjuke trafikkantar og bilar er godt skilde. Krysset vart oversiktleg og buss stoppen stor og fin. Til og med eit lite torg vart det plass til.

Så kom Eurorasteplassen på Stien. Her er det litt arbeid å gjere for at folk skal komme fram på kanten og få lyst til å reise nedom sentrum.

Og no kjem Kyrkjebukta. Ein nydeleg strandprommenade til badeplassen. Bildet som er gjengitt viser litt for stor fylling nedanfor parkeringsplassen innanfor kyrkja. Fint blir det.

Vi kan oppsummere det heile slik:

Vi kan, vi vil og folk frå Eikefjord får det til

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2