ImageLaurdag ettermiddag var det storfeiring på Allhuset. Komiteen hadde lagt opp eit stramt porgram med underholdning og mat. Kommunen stilte sterkt med ordfører og rådmann og frå Stortinget kom Reidar Sandal. Dei hadde ein kjekk ettermiddag i lag med alle Eikefjordingane

Ettermiddagen blei leia med sikker hand av Berit Seljeset Osa og Anders Ole Sunnarvik . Først slepte dei til skulemusikkenfør Kolbjørn Taklo leia bunadkledde jenter inn med graut til ein fullsatt sal. Taklo leia også barneleikarringen som hadde ei lita oppvisning på ein desverre alt for liten plass.
Odd Stubhaug, styreleiar i Allhuset, hadde eit historisk overblikk over dei 10 åra og litt om dei mange åra med planlegging. Han overrekte blomst til Anne Tove Erdal for glimrande lederskap dei siste åra.
Lars Terje Standal trekte fram småhistorier 10 år tilbake og overrekte blomster til Odd Stubhug som har vore styreleiar i alle år og også formann i innsamlingskomiteen som samla inn 2 millioner kroner til bygginga av Allhuset vårt.
Ordførar Bente Frøyen Steindal takka eikefjordingane for sitt engasjement og overrekte 10000 kr som er standard gåve frå kommunen til 10 års jubilant. Ho overrekte også Anne Tove Erdal blomster for henna arbeid ved Allhuset.
Grendalagsleder, Brigt Samdal overrekte gavekort på eit nytt stort lærret for visning av kino og til bruk på møter.
Solveig Øren og Gunnvor Knapstad hadde kåseri om Allhuset og bruken av det.
Så fekk vi eit kulturelt innslag med Arne Sunnarvik på piano, døtrene hans på cello og Ann Kristin Takle Winterthun med praktfull sang. Deretter tok Koriander over og framførte 3 sanger før sogningen Jens Brekke tok over med gode historier. Han hadde også med dattera og dei runda av med fele og trekkspel. Til slutt spelte undomsorkesteret frå Eikefjord, Battery gamle gode låter.
Opp i alt dette fekk folk tid til å ete graut, drikke kaffi, synge og småprate ved borda. Mange tok også den obligatoriske pausa utanfor hovedinngangen for å trekke "frisk luft".
Alt i alt ein hyggeleg ettermiddag på Allhuset. Håpet er at folk berre er heimom ein liten tur før dei igjen møter opp til dans inn i dei seine nattetimer.
Sjå i bildearkiv.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2