ImageFredags kveld var det evalueringsmøte på Allhuset der dei som hadde vore med på å arrangere Eikefjord dagane 2004 var innvitert. På møtet blei det avgjodt at eikefjordingane atter ein gong vil dra lasset saman og arrangere Eikefjord dagane 19-21 August 2005.

På møtet blei delarrangement gjennomgått punkt for punkt og det kom fram enkelte punkt som må forbedres, men alt i alt var det positive tilbakemeldingar som varma arrangørstaben. Innertiaren var åpninga med Albert og Olav Eikevoll og tohjulsparaden som kjem på Norge Rundt neste fredag. På spørsmål om det skulle arrangerast Eikefjord dagar i 2005 var svaret klappsalver og eit rungande JA.
ImageEtter møtet gjekk forsamlinga i samla tropp til Sjøhuset som sponsa havets delikatesser for anledningen. Forsamlinga fortsatte utover kvelden med karaoke og mykje moro. Til neste år blir også du med på denne dugnaden som løfter Eikefjord ut av den anonyme tilværelsen den har hatt tidlegare.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2