Skulen er komt godt igang og dermed begynner diverse utvalg med sine møter. Nokre av utvalga legg møtereferata ut på eikefjord.net. Desse er tilgjengelege dersom du går inn på skulen si side. FAU hadde møte 26/8

 

M ø t e b o k

 

For

 

F A O

 

Torsdag 26.08.04 kl 20.00 vart møte halde på klasserommet til 9. klasse på Eikefjord skule.

 

Til stades: Arna Hopen, Jan Telstø, Per Endestad, Anne Magrethe Øren, Anita Løkkebø, Ann Cathrine Øren, Trond Heimseth, Sølvi Langedal Ness, Trine Tønnesen, Anne Marie Svardal, Anders Tyvold, Wenche Sandvik, Guro Draugsvoll.

Frå skuleadministrasjonen møtte Aslaug Kvamsås Aa.

 

Forfall: Nina H. Liseth, Vigdis Foss, Bodil H. Øren, Idar Øren. Ein del klassar har ikkje valt ny vara.

 

Møteleiar: Astrid Steindal.

Møteleiaren ønskte velkomen til 1. FAU møte dette skuleåret. Ho framheva det gode samarbeidet som var mellom skule og FAU siste skuleår.

 

Det var ingen merknad til innkallinga. Sakslista vart supplert med sak 13/04 Bruk av løkkeskrift og godkjent.

 

Møteboka for møtet 17.03.2004 vart godkjent slik den ligg føre. I samband med godkjenning av møteboka, vart det stilt spørsmål om tilbakemelding på saker som FAU har sendt til SU.

Dette galdt bl.a. sak 4/04 om ordensreglement. Det vart stilt spørsmål om bruk av mobiltelefon og om inneklima. Endring av ordensreglane angåande å vere inne i friminutta

bør takast opp som sak i SU. Dette på grunn av dei nye rapportane på inneklimaet som no ligg føre.

 

Saker til handsaming

Sak 10/04 Evaluering storforeldremøte.

Det har vore interessante temaer. Fungerte greit med Allhuset som møteplass, men det kostar ein del. Annonseringa var god. Likevel var det lite frammøte av foreldra. Må derfor prøve å motivere foreldre til å møte fram.

Sak 11/04 Prosjekt og plan for fysisk aktivitet og måltid i skuletida.

Eikefjord barne- og ungdomsskule har saman med 7 andre skular i Sogn og Fjordane fått lovnad om kr 40000 i prosjektmidlar frå fylkesmannen. No må Eikefjord skule i samarbeid med representant for lærarane, foreldra, elevane, helsesøster og grendautval få på plass plan for lokal utprøving og utvikling av prosjektet som stettar fylkesmannens krav til søknad. Søknaden må sendast innan 15. september. På siste storforeldremøte heldt Oddrun Sandal eit særs intertessant foredrag angåande temaet om skulemåltid og fysisk aktivitet og kom med gode idear..

Det kom også ein del innspell frå dei frammøtte foreldrerepresentantane som FAU si representant i prosjektgruppa kan arbeide vidare med . Innspel til arbeidsgruppa frå foreldre frå dei ulike klassane bør kome skriftleg og sendast via foreldrerepresentanten.

Trine Tønnesen vart valt til FAU sin representant i prosjektgruppa.

Sak 12/04 Val av styre for skuleåret 2004/2005.

Leiar: Arna Hopen

Nestleiar: Sølvi Langedal Ness

Sekretær: Anders Tyvold

Leiaren vert også FAU sin representant i SU.

Sak 13/04 Bruk av løkkeskrift.

Spørsmålet er reist av Anita Løkkebø på vegne av 4. klassen. I leseboka for 4. klasse er det nytta formskrift. Vil ha fjerna eventuelt vedtak i SU om at løkkeskrift skal nyttast i skulen.

Aslaug Kvamsås Aa gjorde kort greie for bruken av løkkeskrift i skulen. Temaet har vore debattert i mange år. Det viktigaste er at skrifta er leseleg og rask. Løkkeskrift er best for ”kroppen”. Personlege signatur bør vere løkkeskrift. Bruk av løkkeskrift har tradisjon på Eikefjord skule.

Det vart konkludert med at læringa av løkkeskrift og praktiseringa av denne ikkje er noko stor sak eller problem.

 

 

Møtet slutt kl 21.45

 

Anders Tyvold

sekretær

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2