Eikefjord er gode i den divisjonen dei er no og rykte i helga opp på 2. plass på tabellen. Dette betyr at kampen mot Jotun/Årdalstangen 2 til helga blir ein opprykksfinale der Eikefjord må minst ha uavgjordt for å rykke opp til neste år. Det blir sett opp buss til denne kampen så bli med og hei fram eikefjordingane.

Måla kom slik:
1-0 14min Torstein Grytten
1-1 25min. Eikefjord burde hatt frispark da Bjarte Eikevik blir dytta ned før skåringa.
2-1 34min Erik Ove Sunndal
3-1 44min Terje Sørbø på frispark
2. omgang opna Stryn best, men etter skåringa til Eikefjord var det berre eit lag på bana
4-1 64min Torstein Grytten
5-1 68min Børge Langedal
6-1 71min Henning Paulsen
7-1 84min Børge Langedal
Stryn har mange gode teknikarar, men på vått og tungt underlag må ein ha driv som Eikefjord har for tiden. Stryn er heldige som ikkje får tosifra mot seg i protokollen.
På Eikefjord gjer alle jobben og då kjem resultata seir trenar Tore Agledal

For påmelding til bussen til Årdal kontakt Tore Agledal 57 74 48 48 eller Jan Agledal 57 74 45 72
Eikefjord treng deg som heiagjeng for å sikre opprykksplassen. Kampen går 26/9 kl 15

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2