Eikefjord klarte ikkje å sette prikken over i-en med opprykk til 3. divisjon denne sesongen. Jotun/ Årdalstangen sette inn 2. divisjonsspelarar og vart dermed eit lite nummer for sterke. Eikefjord spelar ein god kamp der alle mann kjempar til siste minutt, og trenar Tore Agledal er fornøgd med spelet tross tap.
Jotun Årdalstangen II leda til pause med ei skåring etter 34 min. Ei dårleg klarering blir jobba i mål. I det 59. min kjem 2-0 etter eit pent angrep. Eikefjord tar no over og i det 65. min reduserer Håvard Mjølkeråen etter klabb og babb i feltet. Eikefjord er veldig nær utligning etter corner. Alle eikefjordingar ser ballen inne, men dommar og linjemann er ikkje einig så kampen ender med tap 2-1.
Det er berre å samle styrkane, trene godt i vinter og komme igjen neste år.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2