ImageEtter deti eikefjord.net kan finne ut har Vegard Vågane tatt det første individuelle NM gull i friidrett heim til Eikefjord. I ein knallsterk serie slo han sin sterkeste konkurrent som ikkje hadde tapt ein sleggekonkurranse dette året. Kastinga til Vegard vart for sterk kost for psyken til Fanakastaren som ikkje klarte å svare på lengdene til Vegard. Vegard tok også 3. plass i diskos.
Med seier i Jr-NM var Vegard kvalifisert til NM i Florø, sjølv om han ikkje har prøvd 7 kilos slegge for mykje. Her vart han læregutt, men ga dei beste beskjed om at om to år skulle han stå på pallen. Det er tydleg at Vegard blir sett på som ein kommande storkastar. NRK filma, gjorde intervju og sende litt av dette på TV.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2