Dei beste norske friidrettsungdommane har vore på Fagernes i helga og kjempa om å bli den beste i Norge i sine øvelser. Yngve Grøneng Havn gjekk heilt til topps i kule med eit kast på 16.07.
Yngve fekk også fjerde plass i diskos med 39,38. Idar Grøneng Havn som stiller for Florø fekk to andreplasser med 50,28 i spyd og 16,12 i kule. Vegard Vågane fekk det ikkje like godt til som i Jr-NM, men fekk andre plass i slegge med 56,32 - 3.plass i diskos med 39,91 og til slutt 7. plass i kule med 12,65. Trond Ove Hopen fekk 5. plass i spyd med 44,00.
Resultata viser at Friidrettsgruppa har høgt nivå på treningane sine og trenarar som har høg kompetanse. Det viktigaste er likevel utøvaren som må holde fokus og vite at dette er berre eit delmål fram mot medaljer i hoved-NM, seier formann i Friidrettsgruppa Odd Asle Endestad

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2