ImageKastmiljøet i Eikefjord sender to ambasadører til Landskamp i Finland i helga. Vegard Vågane og Idar Grøneng skal representere dei norske fargane i slegge og kule.
Vegard vart utteken til landskampen etter sleggekonkurransen i Jr-NM for vel 2 veker sidan. Idar vart utteken etter kulekonkurransen under UM i helga.
Vegard som har trena i Eikefjord heile sesongen blir berre betre og betre teknisk i sleggeringen. Han venter berre på at siste rotasjon skal stemme og då blir 60 meters grensa brutt.
Idar som representerer Florø har ikkje fått til teknikken iår, men under veiledning av Asbjørn Vågane i kule uka før UM begynte det å stemme for Idar også. Idar takker Asbjørn for den hjelpa han fekk også under sjølve konkurransen på Fagernes. Utan denne hjelpa hadde det ikkje blitt landslagsplass.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2