Ungdomsklubben på Bua er i gang igjen etter sommarferien. Drifta av den er avhengig av at vaksne er med og ser til at alt går greitt føre seg.

På styremøte i Ungdomslaget før sommarferien vart det vedteke å gi brukarane av ungdomsklubben meir oppgåver og ansvar for drifta av ungdomsklubben. Derfor er det sett opp to ungdommar på vaktlista for kvar klubbkveld. Meininga er at dei skal, ilag med den vaksne som har ansvarsvakt, utføre dei oppgåvene som skal gjerast på klubbkveldane. Slik som, ta imot inngangspengar, stå i kiosk, rydde, moppe golv og sjå til at alt går greitt føre seg. Ungdomsklubben er for aldersgruppa 13- 18 år.
Vi i styret for Ungdomslaget trur vi har heile foreldregruppa med oss når vi på denne måten oppfordrar ungdommane til å ta eit tak for å sikre at tilbodet med klubbkveldar tre gonger i veka held fram. Vi håpar og trur at ungdomane som er sett opp på lista møter opp og gjer ein innsats. Eventuelt byter med andre på lista dersom dei sjølve ikkje har høve til å møte.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2