Eikefjord er tydlegvis inne i ein god periode. I ettermiddag gjorde dei sin beste kamp for sesongen og slo Førde 4 - 2 i Firda Avis Cup. Tore Agledal gjorde ein del rokkeringer på laget, låg lavt og satsa på kontringar. Dette gav mange sjanser til Eikefjord og dei vant fullt fortjent. Førde skåra på sine to sjansar.
Eikefjord starta med handicap straffa som Odd Magne Øren sette i mål. Etter 21 min gjekk Henning Paulsen opp og heada ein corner i mål. Dette heldt til pause.
Førde gjekk opp til 2-1 etter 70 min på eit langskudd som gjekk i lengste hjørnet. I det 76. min. skåra Odd Magne på straffe igjen. Erik Ove Sunndal kom seg fri på kanten og blei klypt ned bakfrå. I det 86. min. var Erik Ove frampå igjen med eit glimrande gjennomspill i midten som Geir Tore Magnussen skåra på. Etter 88 min. fekk Førde straffe. Øyvind redda først, men dommaren mente han bevega seg framover slik at Førde fekk ein sjanse til som dei skåra på.
Held Eikefjord fram med slikt spel er dei ein god kandidat til å rykkje opp i 3. divisjon der Førde for tida leder.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2