Eikefjord reiste i dag til Bremanger med fleire spelarar ute. Med ein av dei faste på laget på skadelista, ein på jobb og ein i militæret gjorde at håpet om poeng ikkje var for høgt, men gutane som vart sett inn viste seg tilliten verdig. Trenaren rosar dei og seier dei gjorde ein kjempejobb. Knut Havn som ikkje har spelt kamp på lenge redda eit par ganger på streken i første omgang slik at stillingen var 0-0 til pause. 0-1 kom etter 46 min. ved Erik Ove Sunndal etter retur på frispark. Same mann skaffa straffe i 72. min og Sverre Martin Langedal skåra. I det 80. min reduserte Bremanger før Øystein Endestad la på til 3-1 etter corner som gjekk ut i feltet i det 83. min. Bremanger reduserte i det 85. min til 2-3 som heldt kampen ut. Eit skår i gleda var nokre gule kort slik at Erik Ove Sunndal må stå over neste kamp. Tilgitt, seier tore Agledal, han skåra det første og skaffe straffa.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2