Eg fekk slik hug til å senda deg eit sukk att, kjære Bondegut. Eg vil gjerne høyre med deg, om ikkje du og tykkjer at det er noko som er gale i dette Ungdomslaget i Eikefjorda. Eg skal seia deg at for 14 dagar sidan, hadde eg tenkt meg på ungdomsmøte. Det skulle taka til klokka 7, stod det på plakaten, og eg møtte fram i god tid. Men klokka vart 7 og ho vart halv åtte, ja ho vart åtte med før det endeleg kom sigande så mange at vi kunne taka til. Ingen kan skulda oss for og halde amerikansk tempo nei.
Nei det er den derre: " Kjem eg ikkje i dag, so kjem eg i morgon" mentaliteten som rår. Ja, eg forpliktar meg på at der er mange som tykkjer det er skikkeleg gildt å koma for seint.
Sjølve møtet var koseleg, og eg tykkjer at ein skal for alvor gå inn for meir samsong på møta. Til dømes kunne vi synge dei songane vi leikar. Der er jo få eller ingen som kan versa på leiksongane. Leikaringen har kome seg mykje, og det kan vi takka han Harry for. Det er no han som har lært oss dei leikane vi kan. Særleg er det koseleg å sjå alle dei yngre som er med. Berre slutt opp om leikarringen. Leik er god mosjon, det friskar opp og høyrer til i ein glad ungdomsflokk. På forrige møte var der fleire gjenter som sat og ikkje var med, endå eg er sikker på dei hadde lyst. Og rundt ikring stod fleire gutar og berre såg på. Det hadde høvt like godt om dei hadde funne seg kvar si gjente og vore med i leiken. Eg lurar på om ikkje dei gutane lid av den velkjende og berykta stauresykja.
Kari

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2