Elevrådsleiar Silje Knapstad fekk torsdag æra av å klippe snora som markerte opninga av nærmiljøanlegget på Eikefjord Skule. Rektor Torleik Stegane rosa den store dugnadsinnsatsen og dei mange som har gitt gåver til prosjektet. Med 55 000 frå Sparebanken Flora-Bremager, 40 000 frå Flora kommune, statlege nærmiljøkroner og ein, som vanlig, enorm dugnadsinnsats har dei fått sandvolleyballbane, basket bane, lang hinderløype, klatrevegg, oppgradert fotballbane, ballvegg og ballnett, eigen grillplass og den største gammen i kommunen. Ordførar Bente Frøyen Steindal var imponert og sa etter opninga: ”I Eikefjord får dei det til for tida. Dei veit også å feire”
Etter opninga var det hinderløp, oppvisning av elitespelarar frå Førde Volleyballklubb før basket og fotballgjengen avrunda det heile.
Elevane som vann landkonkurransen i skuleskyting som omtalt på eikefjord.net den 15 mai fekk sine premiar utdelt på tilstellinga.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2