ImageI ettermiddag hadde det samla seg mykje folk ved Allhuset vårt. Her hadde Jonsok komiteen stelt i stand rømmegraut, mylse, kaffi og kaker.
I 6 tida var alle samla utanfor Allhuset for å sjå brudefølget som skulle ha seg ein tur med hest og kjerre.Det var Synne Holsen Solheim som var brur og Øystein Daae Havn som var brudgom. Jon Svardal sytte for trekkspelmusikk og Njål Havn heldt taumane.
Brigt Samdal nytta høvet til å overrekke blomster til Marlyn Tonheim og Andre Høyset for sin innsats i Grendalaget og ønskte Marianne Ullaland Knapstad og Ragnar Langedal velkommen som nye medlemmer.
Bålet blei tent klokka 8 og grillane venter berre på pølser og andre lekkre rettar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2