Eikefjord ungdomslag si historie er no trygt lagra i bankboks i lokalbanken.
Eikefjord ungdomslag hadde styremøte på Bua torsdag 3.juni. Ei av sakene som vart drøfta var kva som skulle gjerast med dei eldste lagsbøkene.
Det vart gjort vedtak om å oppbevare dei i ein bankboks i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eikefjord filial, inntil vidare. Dei er no trygt på plass der.
Ungdomslaget er takksam for at Torleik Stegane samla saman bøkene då han var leiar i laget på slutten av syttitalet og at han sidan har teke vare på dei.
No er det å håpe at ein til hausten kjem i gang med å gjere historia til laget meir tilgjengeleg for bygdefolket.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2