Eikefjord slo Jølster 4 - 1 på Jølster. Det begynte dårleg, så trenar Tore Agledal var redd det skulle fortsette som i Eikefjorden sist helg. Etter ein halvtime kom gutane igang og Terje Sørbø utligna til 1-1 på ei heading etter korner. Andre omgang var Eikefjord sin og Jølster var heldig som slapp med kun 3 baklengs mål til. Erik Ove Sunndal skora med eit skudd etter korner, Ole Petter Løkkebø stussa nummer 3 i mål etter eit innlegg. På det siste tverrvendte Sverre Martin Langedal i feltet og sende eit skudd i mål ved stolperota. Kjempegod andre omgang seier Tore Agledal. Det er berre å møte opp neste søndag kl 15.00 og heie fram gjengen mot Tornardo/Måløy II.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2