Vegard Vågane fortset der han slapp i fjor. Den 21. mai skal han delta i eit internasjonalt stemne i Sverige med innlagt landskamp. Etter hardtreninga i vinter er han er alt no oppe på same nivå som han avslutta fjorårssesongen. Når han no går meir over til hurtigheit og spenst trening, vil nok slegga gå fleire meter lenger enn dei resultata han får no. Målet i år er medalje i Ungdomsmeisterskapet og Junior-NM samt deltaking i hovud-NM i Florø. I tillegg vil han nok stille i landslagsdrakta fleire gonger i år.
Det er kjekt å sjå at ein friidrettsklubb med så små resursar som Eikefjord klarer å få fram toppidretts-utøvarar på løpande band. Styrkerommet og plattingen ved grusbana, samt at bana blir rydda for snø gjer at det går an å satse på eit høgt nivå i Eikefjord. Det viktigaste er likevel viljen til å legge ned mange treningstimar i grunnfysikken slik at kroppen tåler dei treningsmengdene som skal til for å bli ein toppidrettsutøvar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2