Under Eikefjord dagane 20-22 august blir det trekt ut vinnarar på bøkene som ligg i postkassane på Blånipa, ved Nipevatnet og på Strandanipa så her er det berre å komme seg ut i terrenget.
Det ligg enda snøflekkar i fjellet og skal ein opp på Blånipa er det minst snø dersom ein går stien på sørsida. Her kan man gå opp utan å komme i snø før ein er på flata nedanfor sjølve nipa. Går man den vanlige stien ovanfor Nipevatnet er det mykje meir snø. I dag var det 4 karer som hadde funne vegen heilt til topps. Held ein seg på dei lågare fjelltoppane skal det gå greitt å komme seg fram utan å vasse i snø. Isen på Nipevatnet er begynt å gå. Det er ope heilt nede ved elveløpet så her opna to karer badesesongen i dag.
Er du ukjent i fjellet ligg det kart og turbeskrivelse på vår fjellweb eller du kan bli med på idrettslaget sine guida fjellturar.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2