I år som i fjor var det ungdom frå 8.klasse som framførde tala for borna på nasjonaldagen. Diverre fungerte høgtalaranlegget dårleg så mange gjekk nok glipp av mykje av innhaldet. Det var synd for tala var rett så god. Den er skriven av 8. klassingane i fellesskap

 

 

17.mai
er vi så glad i
moro vi har frå morgon til kveld

Slik er starten på ein song av Margrethe Munthe. Ja, vi er glade i 17. mai. Vi får ta på oss finstasen, ete god mat, ha det hyggeleg saman med kameratane og sleppe ein vanleg skuledag.

Men kva er det vi feirar i dag?

I 1814, for nøyaktig 190 år sidan, fekk vi grunnlova vår. Utsendingar frå rundt om i landet vårt var samla på Eidsvoll i over ein månad for å skrive ned korleis landet vårt skulle styrast. Og den 17.mai var grunnlova ferdig. Norge var likevel ikkje eit sjølvstendig land, vi hadde vore i lag med Danmark fram til 1814, og i 1814 vart danskane tvinga til å gi oss bort til Sverige. Kongen vår var altså svenskekongen, og utanriks-ministeren hadde vi også saman med Sverige.

Heilt sjølvstendige vart vi ikkje før i 1905, då vi gjekk ut av unionen og fekk vår eigen konge. Nordmennene valde danske Prins Carl til konge, han flytta hit med den vesle familien sin og tok det norske namnet Haakon. Neste år er det 100 år sidan vi vart heilt frie. Noreg var altså ikkje heilt fritt då grunnlova vart til, vi var i union med Sverige.

…………..

Vi som lever i Norge i dag, bur i eit land der vi har fridom og fred. Ikkje alle er så heldige.

Kvar dag ser vi på TV bilete frå krig, vi ser barn som blir skadde eller drepne. Dette er så fjernt frå vår kvardag. Korleis lever barn og ungdom i eit land i krig? Har dei nok mat? Ligg dei om kvelden utan å få sove og ventar på at alarmen skal gå, så dei må springe til bomberommet? Høyrer dei skyting ute når det er mørkt? Er det for farleg å gå til skulen åleine? Kan hende dei ikkje far gå på skulen i det heile? Kva er dei opptekne av, barna i land med krig?

Det er ikkje alltid at livet er lett

Alle har det'kje like greitt

Krig, vald og elendighet

Ikkje alle har sjølvstendighet

Ei verd utan fridom og fred

er ikkje lett å leve med

Kva er vi opptekne av?

Er vi opptekne av å skaffe oss stadig nye ting, den nyaste mobiltelefonen, dei nyaste motekleda? Tenkjer vi berre på å bli rike når vi blir store så vi kan skaffe oss alt mogeleg som finst i butikkane? Mange av oss unge har nok lyst på fine ting, men dei er neimen ikkje det viktigaste for oss. Vi såg nett ein film som heiter Cast Away, der helten, som har alt, havnar på ei øde øy der han må klare seg i fleire år aleine. Då blir det plutseleg klart for han kva som er viktig her i livet. Mange av tinga vi har, er ikkje så veldig nødvendige. Viktig er derimot å ha nokon å snakke med, å ha ein venn.

Vi unge er opptatt av fellesskap og vennskap, ja, vennskap er det viktigaste vi har. Det er fint å ha eit godt kameratskap, gode venner å gjere ting saman med og å prate med. Ein god kamerat kan halde på ein hemmelighet, han stiller opp når du har problem. Han passar på at du er med i venne-gjengen og snakkar ikkje stygt om deg når du ikkje er der.

Vennskap

Eit band mellom deg og vennen din Uvennskap

Etterpå

blir bandet berre sterkare Ein dobbelknute

Vennskap treng ikkje forsvinne

sakte

som drops

Vennskap kan vere som evighetskuler

Vare

Vi treng også vaksne som tar vare på oss og støttar oss. Det er ikkje så farleg om de er litt strenge, det viktigaste er at de bryr dykk. Det er ikkje berre dei små som treng dei vaksne, vi treng også nokon å snakke med, sjølv om vi er begynt i ungdomsskulen. Venner må vi ha i tillegg til vaksne, ikkje i staden for.

....................

Før påske hadde vi i ungdomsskulen besøk av ei jente på 23 år som heiter Phung. Ho har vore med i ei gruppe som heitte Cape, og arbeider nett no med å spele inn ei soloplate. Men ho kom ikkje for å snakke om den nye plata si. Ho kom for å fortelje oss om korleis ho blei plaga då ho gjekk på skulen. Ho var nemleg dotter av innvandrarar, og såg litt annleis ut enn dei fleste andre som budde i bygda.

På skulen og på skulevegen vart ho kvar veke i over eitt år mobba av medelevane. Ho vart halden utanfor, ho vart slått, ho fekk klistra tyggis i håret. Familien vart også trakassert: Det vart kasta stein på vindauga deira så mange gonger at dei måtte spikre plankar utanpå for at dei skulle kunne sitte trygt inne. Både ungdommar og vaksne var med på dette. Phung måtte vere inne når ho ikkje var på skulen, å vere ute var for farleg.

Til sist vart faren til Phung skamslått av dei valdelege mennene frå bygda, det var så vidt han overlevde. Då først reagerte andre bygdefolk på mobbinga. No først forstod dei kor gale det var for familien. Phung, som berre var 8-9 år då dette hende, fekk hjelp og støtte frå naboar, frå klasse kameratar, ja, frå dei fleste i bygda. Bygda var Brummunddal, og de vaksne har nok sett om dette på TV.

Det gjorde eit sterkt inntrykk på oss å høyre Phung fortelje om dette. Ho hadde ein klar bodskap til oss: Det som du ikkje trur er mobbing, kan vere det for den personen det gjeld. Det som er mobbing for meg, er kanskje ikkje mobbing for deg. Så tenk deg om, når du far lyst til å komme med ein negativ kommentar.

.....................

Vi vil gå på ein skule der vi kan vere oss sjølve, der vi er godtatt som vi er, og der vi har klassekameratar som stiller opp for oss når vi har problem. Vi må alle arbeide for å få til dette.

Vi har noko å lære av Askeladden i eventyret. Etter å ha arbeidd med mange eventyr, har vi oppdaga kvifor det alltid går så godt med han. Rett nok er han heldig, men i tillegg er Askeladden vennleg mot alle han møter på sin veg. Han hjelper den gamle kona som har sett fast nasa i stubben. Han deler nista si utan tanke på å få noko att. Og så er det nettopp han sjølv som tener på det. Han får att mykje meir enn han gav bort. Det er det at han er hjelpsam, som gjer at han til slutt vinn prinsessa og halve kongeriket.

Vi får nok nøye oss utan prinsessa, men kongeriket har vi jo, alle saman, og i dag feirar vi landet vårt.

Gratulere med dagen, alle saman!

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2