EUL prøver å få oversikt over bøker og papir om laget sitt arbeid.
Til no er det funne og registrert 10 verdfulle bøker.

Eikefjord ungdomslag har så smått byrja eit arbeid med å skaffe seg oversikt over bøker og papir om laget sitt arbeid. Til no er det funne og registrert 10 verdfulle bøker.
Laget har enno ikkje drøfta skikkeleg korleis materiellet skal bevarast eller brukast. Venteleg har tidlegare medlemmar i laget ei meining om dette. Eit forslag er å skaffe til veies ein monter i tilknyting til biblioteket på Allhuset og oppbevare/stille dei ut der. Dei eldste bøkene er frå år 1900. Alderen dei har og historia dei fortel gjer dei verdfulle. Samtidig er dei i ein slik forfatning at dei ikkje vil tole å bli mykje bladde i.
Det er registrert 5 bøker som inneheld lagsavisa Bondeguten. Denne er meir eller mindre komplett frå år 1938 – 1979. Etter det ein trur vart Bondeguten også skriven i åra 1900- 1937, men ungdomslaget har enno ikkje funne noko frå denne perioden.
Det hadde vore veldig kjekt om ein klarte å spore opp noko, også frå denne perioden.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2