Brigt Samdal i Grendalaget kan opplyse at grendalaget har hatt møte med Vegvesenet og fått avklara fleire detaljar om rasteplassen. Vegvesenet eig ganske store areal utanfor det som er opparbeidd i dag. Det skal ryddast ganske mykje skog rundt benkområdet slik at fjorden vert synlig. Dei trea som skal stå igjen er merka. Vegvesenet skal lage til eit anbod på ryddinga. Dette arbeidet vert påbyrja no i juni. Sjølve rasteplassen skal vere ferdig til fellesferien.
Ut frå det opparbeida arealet skal det tilrettelggjast ein sti fram til kanten, ei lita rundløype. Løypa er stukken ut og der skal gjerast mindre tilretteleggingstiltak for å gjere stien framkommeleg. På synfaringa grendalaget hadde med Vegvesenet vart det snakka om å få etablert eit område med benker frampå kanten. Dette var det forståing for og vegvesenet ville prøve å imøtekomme dette ynskje. Mange har nok hatt ein oppfatninga av at rateplassen ville kome lengre fram på kanten (særleg ut frå at Strand var avbilda i Firdaposten med teksten: Her er utsikten frå rasteplassen ned i Eikefjord sentrum). Grendalaget er derfor særs glad for at Vegvesenet vil etablere ei stitjegruppe på stien som går fram på kanten med utsikt ned i sentrum. Det skal setjast opp gjerde langs heile kanten. Gjerdetraseen er kartfesta.

Grendalaget tek sikte på å markere opninga av rasteplassen 20 august 2004 i samband med opninga av Eikefjorddagane 2004. Her vil sjølvsagt Mesta og Vegvesenet verte invitert, og gjerne inngå i eit samarbeid

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2