ImageEikefjord Grendalag er no byrja å tru på at det som først vart presentert som ein vill og useriøs ide no kan realiserast. Ved å sette opp reflektorar på Strandanipa, eller i eit overheng litt austafor, kan ein få mange timar med sol i store delar av Eikefjorden sjølv i den mørkaste perioden før og etter jul.
Brigt Samdal i grendalaget skal i neste veke på ein tur til Kiruna i nordsverige for å sjå på eit anlegg som nyleg er satt opp der. Samdal seier at han har høyrt om at slike speil har vore mulege å sette opp lenge. Det som no er nytt er at prisen på ein ny type reflektorar muligens no er så lave at eit prosjekt kan gjennomførast for nokre hundre tusen. Reflektorane kan no støypast i form ved Brødrene Aa i Hyen og deretter sprøytemalast med ein ny maling som gir enorm refleksjon når den blir polert. Ein lett plastkonstruksjon gir seg også utslag i mykje enklare fundament og drift på solspeilet.
"Særleg dei som bur på Eikefjordens skyggeside (Sørigarden) håpar vi vil hjelpe til med å realisere prosjektet" , seier Samdal med eit smil.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2