At vi skulle på konsert var klart - påskekonsert - innøvd av alle elevane i 1. til 4. klasse ved Eikefjord skule! Spenninga var stor då tida var inne - torsdag ettermiddag 1. april. Foreldre, søsken, nære.... var inviterte, og no fylte vi gymsalen. Elevane sto framme ved sceneområdet, stilig pynta i kvitt og svart og med forventningane kriblande. Då konfransier Sigbjørn Holsen ønskre velkommen, trudde vi at no byrjar det... Men nei - her skulle det vere skikkeleg! Alle gjekk ut - og spenninga steig!
Så høyrde vi musikk (ja, vi hadde jo skimta ein CD-spelar der framme), og i fin harmoni kom elevane frå to kantar og stilte seg opp som reine proffar! Ingrid Oppdøl sto klar som dirigent - og vi såg snart at dette hadde ho taket på. Nokre få elevar skilte seg ut der framme - ein etter ein tok dei ordet og forklara oss kva vi skulle få vere med på. Vi skulle 2000 år tilbake i tid og møte Kongen som vart hylla.
"Sjå opp, der kjem Kongen vår, han rir på eit esel, det skjønar du vel" song koret så det ljoma. Så blei vi med til Pilatus der ropet etter Barrabas runga, og vidare til Jesus som døde for kvar enkelt, slik solisten Andreas Hopen frå 4. klasse så fint song det. Avsluttninga markerte: Grava er tom og Jesus er oppstått - Halleluja, halleluja! song koret og avslutta sterkt og festeleg. Reaskjonen let ikkje vente på seg - det vart stormapplaus og tydeleg begeistring frå over tohundre stolte og imponerte tilhøyrarar.
Etterpå fekk vi god tid til å prate og ete bollar som elevane hadde bakt. "Kjempebra", høyrde eg bak meg..."veldig flott"..."solisten var jammen flink"..."de må jo ha nokre engasjerte og flinke lærarar!"
På ein artig måte har skulen jobba med "Eleven sitt val" denne våren og ei slik markering var flott å få vere med på. Takk til elevar og lærarar i 1. klasse, 2. klasse, 3. klasse og 4. klasse for ein konsert vi gledde oss over, og for ei flott påskeoppleving. Astrid Steindal Kilde Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2