Eikefjord.net vil framover kort presentere det som finns av vareproduksjon i lokalområdet. Driv du med slik produksjon og ynskjer at dette skal bli betre kjent, så ta kontakt. I dag presenterer vi Knapstad Angus.
Knapstad Angus er ein del av Fjord Angus konseptet. Dette er eit samarbeid mellom gardbrukarar i fylket, som produserar storfekjøt, og Gilde Vest.
Steinar Knapstad produserer Knapstad Angus og sel dette direkte til forbrukar. I følgje han sjølv har det ein mykje betre kvalitet enn det som på det jamne vert tilbydt i butikkane i distriktet.
Kjøtet vert slakta, spesialmøyrna, partert og vacumpakka på Gilde Vest.
Ein okse vert delt i 8 partar og du kan velje frampart eller bakpart.
Partane vert pakka i porsjonspakkar og selt i pakningar på rundt 25 kg.
Nett no for ei veke sidan leverte Steinar til Gilde Vest så manglar du kjøt i frysen, så er tida inne for å slå til.
Eikefjord.net har prøvt varene og kan berre sei. Løp og kjøp. Eller spring og ring 57744595 eller 41100831

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2