Ein tenåring frå Flora er dømt til fengsel i 24 dagar på vilkår etter å ha vore med på innbrotet på Eikefjord skule sommaren 2003.

Tidlegare i vinter blei ein annan ung gut dømd for same forholdet. Dei to skal ha funne nøklar til skulen ved ei tilfeldigheit, og bestemte seg for å bruke desse til å begå vinningskriminalitet. Guten blei funnen skuldig i å ha stole datautstyr for over 40 000 kroner frå skulen, men aktor fekk ikkje medhald i at guten er erstatningspliktig for store delar av beløpet. Det grunngjev retten med at den medtiltalte meiner alt utstyret skal vere kome til rette. Guten blei likevel ilagt ei bot på 3000 kroner

Kilde : Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2