Dei som har planar om å byggje kunstgras-baner, må no få ut fingeren, seier Olav Kjos Wenjum i fotballkrinsen. I Eikefjord har prosessen med kunstgras på grusbana skote fart i det siste, og det kan godt hende at det kan bli realisert kunstgrasbane på grusbana i løpet av året. Dessutan er allereie lys på plass.
Den låge lånerenta gjer at fotballkrinsen no intensiverer innsatsen med å få fortgang på utbygging av kunstgrasbaner i fylket. I løpet av to vårmånader skal anleggskomiteen med Olav Kjos Wenjum i spissen turnere fylket rundt for å halde møte om framtidas fotballbaner.
Alle vert vitja
-Vi skal innom alle baner i fylket med tanke på sikkerheit. Men samstundes vil vi også ha mykje fokus på nye kunstgrasbaner, seier Kjos Wenjum og viser til at følgjande plassar har planar om ny kunstgrasbane:
-Kaupanger, Jølster, Eikefjord, Florø, Sandane, Eid, Vik og Hornindal er nokre av dei plassane som i løpet av det næraste kan få realisert nye kunstgrasbaner, seier Kjos Wenjum og fokuserer på at den låge lånerenta for tida bør få fart på anleggsutbygginga.
-No kan anleggseigarar få langsiktige lån på under fem prosent. Då bør det ikkje vere noko å tvile på. Dette er anlegg som vil få spelemidlar om ein seks til åtte års periode, og det er viktig å få fortgang i søknaden, seier Kjos Wenjum.
Friidrettsmiljøet i Eikefjord vil legge til at grusbana også er brukt til kasttrening. Flytting av desse fasilitetane må også takast med i betraktningen når kunstgrasbane skal anleggast

Kilde : Firda

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2