Eikefjord ungdomslag vedtok på styremøte onsdag 14. april å opprette ein musikkverkstad. Formålet med verkstaden er å fremje musikkmiljøet i Eikefjord.

Rockegruppa Battary har sidan ungdomsklubben vart opna på Bua hatt tilhaldstad der. Det er mellom anna dette gryande musikkmiljøet Eikefjord ungdomslag vil prøve å få til å vekse.
Medlemmane i Battary er ungdomskuleelevar som har musikk som valfag på skulen. Dei brukar lokala til fritidsklubben til øving i nokre skuletimar kvar veke. Utanom dette har dei øvingstid kvar Tysdag og Laurdag.
Musikkverkstaden vil prøve å få til musikkopplæring for andre interesserte ungdomar, gjerne i samarbeid med skulen. Den største hemsko for vidare arbeid er kanskje mangel på musikkyndige personar med tid og energi til å drive opplæring.
Musikkverkstaden er til for å finne og legge høva til rette for at dei ressursar som finns vert nytta til beste for den enkelte og for bygda.
Dei som har lyst til å lære å spele eit instrument kan ta kontakt med Asgeir Holsen, Atle Grøneng eller Audun Solheim.
Musikkverkstaden har alt samla inn pengar frå velviljuge sponsorar i bygda og kjøpt inn eit flunkande nytt trommesett.
Disse sponsorane har gjeve 1000 kroner kvar:

Industridata AS
A til Å Energi og Miljø AS
Eikefjord Rør
Eikefjord Elektro AS
AutoForum AS
Steinvik Fiskefarm AS
Råd og Regnskap AS

Eikefjord ungdomslag takkar for denne viktige støtta disse bedriftene har kome med til arbeidet med å prøve å styrke og utvikle eit positivt ungdomsmiljø i bygda. Og oppmodar andre bedrifter om også å gi eit bidrag

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2