Det møtte tilsaman 15 vaksne og born på informasjonsmøtet i Allhuset onsdag. 4H konsulent Leiv Sølvberg orienterte om 4H arbeidet, og om kva 4H prosjekt er. 8 ungar frå 10 til 15 år har meldt seg inn førebels, og nokre av desse har alt valt seg prosjekt som dei skal arbeide med framover sommaren og hausten.
Det skal vere oppstartingsmøte for 4H klubben fredag 30. april kl. 17.30. Då er alle frå 10 år og oppover som vil vere med hjartleg velkomne. På dette møtet skal det veljast styre, og dei som ikkje har gjort det får høve til å velje seg 4H prosjekt. Møtestad er ikkje heilt klart, vi kjem tilbake med det melder Kolbjørn Taklo som er klubbrådgjevar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2