Det er gjort mykje i sentrum for å skilje gåande og køyrande, og det siste er nye skilt ved busshaldeplassen på skulen. Det er no berre bussar som har lov å køyre inn på busslomma, og denne er einvegskøyrd. Busshaldeplassen vart i si tid planlagt med omsyn til å skilje bussar og elever.

Det er òg komme tidsavgrensing på innkøyring-forbodeskiltet som står i enden av parkeringsplassen ved skulen. Det er ei tid sidan forbodskiltet vart flytta frå inngangen til skuleplassen og ned til parkeringsplassen. Dette førte til at ein hindra bilar å køyre gjennom mengda med barn og vaksne som gjekk til og frå skulen. Med tidsavgrensing 08-15 er det no lov å køyre til parkeringsplassen oppe ved skulen når det er kveldsaktivitetar på skulen.

Det er både 30-grense, flotte fortau og godt merka fotgjengarovergangar i sentrum. Treng vi køyre borna heilt til parkeringsplassen ved skulen? Det har vore mykje fokus i media om foreldre som skapar farlege situasjonar fordi dei køyrer borna heilt til skuleporten. Kanskje fleire burde sleppe borna av, og hente dei, ved dei store parkeringsareala elles i sentrum? Vi må i alle fall overhalde skilta som er sett opp ved skulen. Det er for borna sin trykkleik si skuld at dei står der!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2