EBU og FAU (Eikefjord barne- og ungdomsskule og arbeidsutvalet i foreldrerådet) i samarbeid har hermed gleda av å invitere alle foreldre/føresette i Eikefjord skulekrins til storforeldremøte Torsdag 29. april kl. 19.30 gymnastikksalen på Eikefjord skule. Tema for møtet er vaksne i ei ny medietid og handlar om TV og dataspel. Kven skal vere helten? Figuren på skjermen eller mor og far? Korleis kan foreldre og vaksne framleis vere borna sine heltar?

Jostein Bildøy frå organisasjonen ”Barnevakten” tek opp dette høgaktuelle emnet og legg inn tid for samtale, kommentarar, spørsmål.

FAU står for sal av kaffi/kaker

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2