Nesten 50 eikefjordingar hadde funne vegen til Allhuset; der Brigt ønskte vekommen.
Oddveig Birkeland frå Fylkesmannskontoret orienterte om bygdeutviklingsprogrammet og gav ei oversikt over hvilke bygder som har vore med og hvilke økonomiske resurser fylket og kommunen stiller opp med.
Ole Svanø som er medlem i styret mente at Eikefjord hadde gode sjanser på grunn av sin beliggenhet mellom Florø og Førde. Det viktige er å innvolvere eikefjordingar slik at alle får eit eigarskap til den prosessen som Eikefjord skal inn i.
Per Arne Tveit, Kultur og Næringssjef i Askvoll, orienterte om bygdeutvikling som ein tenkemåte. Det som skal skje må bety noko for bygda samtidig som vi må skape ein triveleg buplass med positiv stemning og stedsidentitet.
Til slutt tok Brigt ordet og orienterte litt om dei prosjektene som er igang og folk i salen kom med innspel om prosjekt som kunne gjerast noko med. Det vart trekt fram at ungdommen i bygda er framtida og såleis burde trekkast aktivt med i styrande organ og prosjekt.
Dei eikefjordingar som er reist ut av bygda inviteres herved til å bli med i ei referansegruppe slik at vi kan få innspel litt utanfrå vår eigen navle. Vi treng all den hjelp vi kan få til å skape ein attraktiv plass slik at du kan tenke deg å flytte tilbake.
Vi som bur her er ikkje i tvil, Eikefjord skal bli ein god plass å bu også i framtida

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2