ImageI til dels kraftige regnbyger har vi i sentrum hatt eit program med 3 seremonier. Først fekk vi orientering om anlegget og musikalske innslag ved Koriander, Steinar Karlsen med eminent gitarspel, Erlend og Bjørnar som sang om Killebukken samt Brigt Samdal om sang til heder for arbeidarane Ola Tveiten. Samferdselsminister Torild Skogsholm åpna veganlegget gjennom sentrum med snorkutting i det nye oppstrama krysset.


ImageDeretter åpna ordførar Bente Frøyen Steindal Eikefjorddagane og ho rosa bygdeforlket og Grendalaget for stor innsats og pågangsmot. Til slutt åpna samferdselsministeren torget i sentrum som fekk navnet Skogsholmen. Arve Havn, Magnhild Reiarkvam og Ludvik Langedal avduka til slutt kvar sin benk som er oppkalt er dei som takk for den velviljen dei har vist som grunneigarar.
Etter sermoniane fekk dei frammøtte gratis kake og drikke på torget før programmet fortsatte med fotoutstilling der bl.a alle ordførarane i Eikefjord Komune blei presentert samla for første gang. Vidare vart maleri og keramikkutstilling i gamleposten åpna.
ImagePå kvelden åpna dørene for eit discotek som ingen har sett maken til i Eikefjord. Stemningen var stor og musikken høg i Allhuset til langt på natt.
Ut i dei seine nattetider viste lokale helter bademoter frå 1920 og fram til langt inn framtida. Seansen vakte stor begeistring hos dei frammøtte på dansen på Kroa. Alle bilder er desverre sensurerte.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2