Også tredje dag av eikefjorddagane vart ein suksess. Liv og røre i sentrum der Kim Hatleset fekk vise bogeskyting på hjorteblink. Anders Hove viste fram sjøscoteren og drog ungdommane på tube. Utruleg gøy var kommentarane når dei kom på land.
På denne nydelege dagen hadde mange funne vegen opp til Hovlandsstøylen til friluftsmesse og barnedåp. Den nye vegen helt opp til støylen vart brukt til å transportere dei som ville det opp til støylen.
Kl 17 stengde eikefjorddagane og dugnadsånda viste seg igjen. På nokre få timar var sentrum rydda. No gjenstår litt dugnad og dugnadsfest før en kan seie seg ferdig med eikefjorddagane for i år.
For deg som ikkje var her - sett av ei helg i august neste år til Eikefjorddagane

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2