ImageDet tek til å bli gammalt nytt, men 23 april var leikarringen 6-9 åringar i Eikefjord på "Sjokoladekappleik" på Mo jordbruksskule. 12 ungar var med, og fekk lære seg litt hallingdansing og hattesparking til oppvarming.
Til kappleiken var det påmeldt over 30 innslag og over 90 deltakande. Alle fekk sjokolade i premie.

Gjengen frå Eikefjord var fint oppdressa med hovudplagg og hattar, og leverte ei glitrande oppvisning med songdansane sine. ImageDei song så det ljoma, og dansa stilsikkert og flott. Nokre av dei som såg på meinte at dette var det beste innslaget på heile kappleiken!!!. Dommarane var einige, og leikarringen fekk ein av fire ekstrapremiar for flott dans, song, og oppdressing!! Og ekstrapreimien var sjølvsagt ei diger sjokoladeplate.
Vi gratulerer oss sjølve!!.
På øversste bilde har vi vinnarlaget i Skokoladekappleiken på Mo. Frå venstre: Emilie Hamn, Vegard Tonheim, Kristoffer Hopen, Andre Hamn, Kristin Foss Telstø, Synne Kristine Solheim(med 1.premien), Madeline Hamn, Hilda Taklo, Lina Sørbø, Veslemøy Hamn, Mildrid Taklo og fremst Instruktør Kolbjørn Taklo

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2