ImageGrendalaget i Eikefjord vil markere Unionsoppløysinga på ein noko spesiell måte. Dei vil prøve å få flest muleg til å finne fram dei gamle robåtane og ro til Florø slik dei gjorde for hundre år sidan.

Kenneth Endestad er ein av dei som har funne fram ein robåt. Besten i Utvik har ein i naustet som tipptippoldefar til Kenneth kjøpte i 1870 åra. Båten er ein tjærebredd Nordfjordfæring laga på ein gard i Utvik. Færingen har slanke linjer og skal dermed være lettrodd. Sist færingen vart brukt var i ein rokonkurranse i Utvik der laget i båten vant. Dette var for ca. 50 år sidan og båten har ikkje vore på sjøen sidan, men med perfekt lagring i passelig fuktig naust trur far at den skal være i prima stand.
No bruker Kenneth litt av fritida si til båtpuss. Færingen er sausa inn med tjære fleire ganger så det ligg i tjukke lag. I følgje ein ekspert på Sandane som både bygger og restaurerer trebåter vil det finaste være å fjerne det meste av den overflødige tjæra. Dette gjerast med varmepistol og skrape og krev mange timar og ein god rygg. Men båten blir mykje finare når treverket kjem fram igjen.
Vidare hjelper far og besten til med å lage eit par nye tiljer og tofter. Desse har komme vekk i løpet av dei mange åra båten har lege i naustet. Av dei originale åresetta er det berre ei åre att, men her laga oldefar til Kenneth eit nytt årepar til då besten brukte båten. Besten kan fortelje at dei brukte å ro utover Nordfjorden når dei var gutestrikar. Var det medvind når dei skulle innover igjen var dei på land og fant seg eit passeleg lauvtre. Dette vart plassert i stemnen på båten, bitta det godt fast før det bar innover fjorden igjen i god fart. Eine gangen kan han hugse at dei ikkje klarte å løyse knutane som heldt lauvseglet så dei for forbi Utvik og dermed bar det vidare innover fjorden. Til slutt måtte dei skjære av tauet så dei ikkje for rett i fjæresteinane.
Per Øyvind Sørbø i grendalaget oppmodar alle som har trebåt og vil være med på turen. 10 juni set vi stemnen ut fjorden. Utpå kvelden gjer vi strandhogg, kveiker opp bål og kosar oss med god mat og gode historier utover natta. Laurdags formiddag set vi oss i båtane igjen og ror inn på Florøvika i 11 tida. Grendalaget kjem tilbake med meir informasjon seinare, men sjøsett båtane slik at dei får truttne til vi skal på tur.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2